Har plukka opp bassen igjen etter 8 års pause pga senebetennelser.
Hadde ein gong i tida ein Hartke 3500 med Trace Elliot 4x10 kasse og har absolutt ikkje verken lyst eller behov for ein sånn upraktisk rigg (tungt og sånt)
Har sett på mykje forskjellig siste tida og Ashdown verkar veldig potensielt mtp pris og value for money.
Sterkaste kandidat til forsterker er Ashdown sin Little Giant, enten i 350w eller 2x500w (i 4 Ohm)
Skal då pares saman med eit eller anna kabinett med 2x10.
Har sett på Ashdown MAG 210 og ABM 210 som begge er litt tunge, samt Ashdown sin Superfly 284 (2x8) (2x10 er nok uaktuell pga pris)
Ideelt sett ser eg for meg eit oppsett med Little Giant 350 og Ashdown Superfly 284, noko som vil gi ein totalvekt på ca 15kg for heile "riggen".
Spørsmålet mitt då er om dette vil dekke mine behov godt nok, i og med at det ikkje berre er å bygge ut, då minimumsimpedans i forsterker er 4 ohm og kabinettet er på 4 ohm.
Behovet mitt er nok ikkje så veldig stort, ein bassamp/rigg er jo stort sett berre scenemonitoring, og så veldig store scener er det nok ikkje realistisk å tru at eg skal stå på med det første (ikkje med det andre heller).
Er det nokon som har testa dette (pittelille) kabinettet til Ashdown og kan seie noko om lydnivået på dette -spelar det høgt "nok" (og fint heile vegen sjølvsagt)?
Om nokon har andre lettvektsalternativ til under 10k totalt, tas det også i mot med takk