Eg er "daglig" borti både iLive T112 og VI1. Kan begynne med rigging. iLive har fordelen med cat5 og stagerack. Multikabel er "bare så 2009"..
Multikabel er jo ein stor kostnad du og må rekne med i pris. Samme gjelder om du vil ha LS9, Si Compact eller lignende. Stagerack er framtida.
I bruk er iLive meir oversiktlig etter mi meining. Fleire "direkteknappar" på kontrollflate, som feks ein knapp direkte inn til FX. Ja, du har userdefined keys på VI1 som garantert kan ver ein slik knapp, men den har jo trossalt bare 6 knapper, der ilive har 8 userdefined keys, i tillegg til fleire "direkteknappar" som eg snakka om. I tillegg når du skrur på iLive og trykker "select" på ei stripe, så får du heile stripa opp med ein gong, der du på Vi1 må trykke om du enten vil jobbe EQ, dynamics, Input eller bus-send. (Sistnevnte blir jo heller lite brukt, pga send-on-fader)
Ang labelling, har iLive enda ein fordel: "Hurtiglabelling". Du har ei liste med dei mest vanlige instrumenta (Kickin, kickout, sntop, snbtm, RT1, RT2, FT1, FT2, OH OH, bass, gtr, keys, vox osv osv osv). Der må du på VI1 skrive alt inn manuelt. Så kan du og endre farge på LCD'en på kvar stripe om du vil det. Det blir då iLive sin "konkurrent" til faderglow.
Angående FX, så er VI1 overlegen på klang. ilive har bedre utvalg i andre typar effektar (Feks sub-synth). Pga Vi1 sine gummi-knottar, er det enklare med delay på iLive. Å tappe ein delay på gummiknappar er 74,22% vanskligare enn å gjere det på plastknappar.
Ein anna ting er kvalitetsfølelsen. Der gruuuser VI1 iLive. iLive har veldig "plastikkfølelse". Men syns absolutt Vi1 kunne blitt levert med stagerack "från børjan av". Men ein plass må dei vel spara for å kunna levera noko i nesten samme prisklasse som iLive.
Men uansett kor mykje enklare iLive er å skru på, så vil alltid Vi1 låte bedre.. hehe..