Trallala » Fre Nov 20, 2009 1:01 am
Tja - tjo. Det var jo masse greier i tillegg på denne.
For å konkretisera behovet:
Teaterforestilling der for eksempel lyd av nokon som bankar på ei dør må timast på tiendedelen med bankinga på scenen. Også antal og rekkefølge på lydane vil nok variera frå forestilling til forestilling, så cd ser ikkje ut som eit godt alternativ.
Hadde lyst å sleppa å demontera studio og drassa rundt på keyboard og laptop og lydkort og alt det derre.
Ser for meg ein sak som den du viste til, men fins det slike som er enklare - altså at eg gjer klar lydane i studio med det som trengs av effektar og slikt, lasta dei inn og trykka på knappen? På Rolanden var det ein mengde tillegsfunksjonar eg for vidt ikkje treng.
Ein tusenlapp eller så hadde vore glimrande (gjerne brukt), men er på ukjend mark og veit ikkje heilt prisleiet her, så må eg bruka meir får eg vel det.