TØFF PEDAL FRÅ NOREG!!!! Denne pedalen vrengjer signalet på ein herleg måte. Allsidig i bruk og har eit svært stort spekter av lydar. Den har ein brytar som dempar mellomtonen (bråk og ståk). Groms styrer kor mykje bass av signalet frå gitaren som ein vil ha inn i boksen. Kvassleik er ein tonekontroll for dei høge frekvensane. Hardleik bestemmer forsterkinga og lydmengd er lydmengd. Brytar som gjer forskjelleg karakter på lyden: (Ikkje på dette bilete, men sjå lenka "fleire bilete") Germanium gjer ein mjuk og harmonisk vreng. Rein/transistor fungerar som ein booster opp til ein vist nivå før den vrengjer. Silicium har ein skarpare vreng med meir diskant Går på 9V batteri eller standard adapter.